Meny
Linkar
Kyrkjebladet
Inn– og utmelding
web–påmelding dåp
web–påmelding konfirmasjon
Kalender
30 Juli
13:00 Gudsteneste, Leiro (eidslandet)
06 August
20:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
13 August
11:00 Gudsteneste i Stamnes Kyrkje
20 August
12:00 Gudsteneste, Støl I Eksingedalen
16:00 Familiegudsteneste, Vaksdal Kyrkje
27 August
11:00 Familiegudsteneste i Messehagen På Dale
03 September
11:00 Familiegudsteneste i Bergsdalen Kyrkje
18:00 Familiegudsteneste i Stamnes Kyrkje
10 September
11:00 Gudsteneste, Eksingedalen Kyrkje

  Utskriftsvennlig side

Skjema for innmelding i Den norske kyrkja
Skjema for innmelding av barn i Den norske kyrkja
Skjema for utmelding i Den norske kyrkja
Skjema for utmelding av barn i Den norske kyrkja
Link til kyrkjas nettside der ein kan sjekka medlemsstatus, samt melda seg inn og ut


Vil du melda deg inn?

Dersom du ynsker å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døypt, kan du ta kontakt med presten i soknet du bur i. Det er dåpen som kan gje medlemskap i kyrkja.

Den som er døypt, men ikkje står som medlem i Den norske kyrkja, kan bruke skjema ovenfor eller gå inn på kyrkjas egen nettløsning for å melda deg inn i kyrkja.

Innmelding skal vanlegvis gjerast i det soknet kor ein er busett og ved personleg frammøte, men frå 2016 kan alle melda seg inn og ut sjølve på nett. Ein må kunne dokumentera at ein er døypt (dåpsattest) og oppgje sitt fødselsnummer (11 siffer).

  • Personer som døypast i utlandet og som ynskjer å vere medlem av Den norske kyrkja må meldas inn i det lokale soknet. 
  • Opplysningar om medlemskap i trus? og livssynssamfunn kan fås ved henvendelse til Brønnøysundregistrene på telefon 75 00 75 00.

Om du er døypt i eit anna kristent kyrkjesamfunn trenger du ingen ny dåp for å bli medlem i Den norske kyrkja. Innmelding i Den norske kyrkja forutset at du ikkje også er medlem av andre trussamfunn.  Du kan melda deg inn i Den norske kyrkja sjølv om du tidlegare er utmeld av denne kyrkja.


Medlemskap i Den norske kyrkja ? rettar og plikter:

Den som meldar seg ut av kyrkja, har rett til informasjon om dei fylgjer utmeldinga får. Ein mister kyrkjelege rettar og plikter:

Røysterett ved kyrkjelege val har berre kyrkjas medlemer. Utmelde kan ikkje delta ved soknerådsval eller i soknemøtets avstemmingar.

Kyrkelege verv er det berre medlemer av Den norske kyrkja som kan ha. Utmelde kan ikkje veljast inn i sokneråd, bispedømeråd, o.l.

Kyrkjelege stillingar må ein væra kyrkjemedlem for å ha. Det gjeld ikkje berre prestestillingar, men og for organistar, kyrkjetenarar, kyrkjeverjer osv.

Dåp er ein kyrkjeleg handling. Foreldre som er utmelde kan ikkje utan vidare krevje å få sine born døypt. Barnedåp forsikrar at borna får opplæring i den kristne tru. Dersom foreldre som står utanfor kyrkja, likevel ynskjer at barnet skal få ein kristen opplæring, og gjer barnet faddere som påtek seg ansvaret, kan barnet verte døypt etter nærare avtale med presten. Born som gjennom dåpen er verte medlem av Den norske kyrkja, vil få tilbod om å ta del i kyrkjas dåpsopplæring.

Fadder kan normalt berre den vere som er medlem av Den norske kyrkja. Ein fadder påtar seg viktige oppgåver når det gjeld den døyptes kristelege oppseding. Som fadder kan likevel veljast personar som er medlem av eit anna kristent trussamfunn og som ikkje forkastar barnedåpen. 
Ein fadder skal kunne vitne at barnet er døypt, og vert ikkje sletta frå kyrkjebokas dåpsregister sjølv om han/ho meldar seg ut av kyrkja.

Konfirmasjon forutset at konfirmanten er døypt i Den norske kyrkja eller i eit anna kristent trussamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsførebuinga, men kan ikkje delta ved forbønshandlinga på konfirmasjonsdagen.
Stadig fleire unge, og vaksne, døypast i samband med konfirmasjonen. Talet på vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa.

Kyrkeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brudefolkene tilhøyrer Den norske kyrkja. At ein av brudefolkene er medlem vil normalt vere tilstrekkeleg for at vigsel kan skje i kyrkja. Den enkelte prest har imidlertid høve til å nekte å vie brudefolkene dersom ein av dei ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja.

Kyrkjeleg gravferd vert som oftast ikkje føreteke når avdøde har stått utanfor kyrkja. Dersom dei næraste pårørande ynskjer kyrkjeleg tilverka gravferda, har presten høve til å forrette kyrkjeleg gravferd.

Dei borgerlege rettar berørast ikkje ved inn? eller utmelding av Den norske kyrkja.

Økonomisk har kyrkjemedlemskapet ingen personlege fylgjer. Det er ikkje eiga kyrkjeskatt i Noreg. Alle registrerte trus? og livssynssamfunn mottek støtte pr. medlem frå stat og kommune tilsvarande løyva til Den norske kyrkja pr. medlem.


Kjelde: www.kyrkja.no

 

Se tidligere utgaver »
Linkar
»
»
»
»
»
»
»
Kontaktinfo

http://vaksdal.kyrkja.no/img/./fabrikkvegen_liten.jpg

Vaksdal kyrkjelege fellesråd
Besøksadr.: Fabrikkvegen 3.
Postadr.: Postboks 113,
5721 Dalekvam

Ekspedisjonstid:
Tysdag og onsdag
kl. 11:00 - 14:00

Tlf: 56 59 39 20
Epostadresse: 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Vaksdal kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no